top of page

SKJERDAL STØLSYSTERI OG KAFÈ
Tradisjonell stølskost i unike omgjevnader
Velkommen
Velkommen til Skjerdal Stølsysteri og Kafè
Ta med deg familie og vener for å helse på geiter, sauer og hestar. På heimestølen Leim i Skjerdal har vi ein ubroten tradisjon med ysting av kvit og brun geitost. På kafèen kan du oppleve ekte stølsliv og smake tradisjonell stølskost.
Turen til stølen er ein vandretur på omlag ein halvtime frå parkeringa i Skjerdal. Turen går på traktorveg gjennom kulturlandskapet, med utsikt over fjord og fjell. Det er ikkje langt, men det er bratt. Hugs gode sko!
Vi oppmodar grupper på meir enn fem personar om å ta kontakt på e-post på skjemaet nedst på sida. Då er vi sikre på at det er nok mjelkekaker til de kjem!

Opent frå 1. juli til 30. august
Alle dagar, 10.00-18.00
Servering
Servering

Reis sakte, opplev meir
Bilete frå vår Instagram
Bilete

Kontakt oss
Lurar du på noko? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss!
Kontakt oss
bottom of page